Osafestivalutstillinga 2023
Simone Hooymans (f. 1974) er årets Osafestivalkunstnar! Hooymans er ein av våre fremste animasjonskunstnarar og har vunne ei rekkje prisar for sine særeigne animasjonsfilmar. Simone sine handteikna animasjonar er kjenneteikna av fantastiske fargar og fascinerande rørsler som syg sjåarane med seg inn i nye univers. Ho arbeider primært med teikning og animasjonar og har samarbeidd med fleire norske musikarar.
Ho markerte seg under opningsustllinga til Deichmans nye hovudbibliotek i Bjørvika, med ein større videoinstallasjon, “Talking Plants”, no innkjøpt av Oslo kommunes kunstsamling. Hooymans er opphaveleg frå Holland, men bur og arbeider i Ålvik, Hardanger.
Ho er utdanna ved Kunstakademiet i Arnhem og St. Joost i Breda, og ho har delteke i ei rekkje internasjonale gruppeutstillingar, soloutstillingar og filmfestivalar. Mellom anna Haustutstillinga, Vestlandsutstillinga, Kortfilmfestivalen i Grimstad og nyleg Sculpture Biennale Changwon i Sør-Korea.
Til Voss og Osafestivalen kjem ho med utstillinga «A place they call Utopia. An exhibition of animations, prints and drawings»
Stad: Galleri 19
Opning: Torsdag 26.oktober 2023 kl.18
Musikalske opningstonar og forfriskingar ved gamaldansorkesteret SKROT
Gratis inngang
Opningstider under Osafestivalen:
Fredag 27.10 kl. 15 – 17
Laurdag 28.10 kl. 11 – 14
Søndag 29.10 kl. 12 – 15
Opningstider resten av utstillingsperioden:
Torsdagar 16 – 18
Fredagar 15 – 17
Laurdagar 11 – 14